OM OSS
HEI FRÅ DAGLEG LEIAR
I 2012 flytta eg til London for å ta master ved universitetet i London. Eg oppdaga raskt at bybildet var annleis en kva eg var vandt med i Bergen. Det var om lag ingen søppelbøtter å sjå. I mangel på ein stad å kaste avfallet mitt, samla eg det opp i veska mi for so og tømme det då eg kom heim.
Då eg tømde veska mi på kvelden, vart eg overvelda over alt avfallet eg hadde generert på ein heilt vanleg dag.
Dette må eg gjere noko med, tenkte eg og starta Zero Waste Norge for å vise private og offentleg næring kvifor avfallsførebygging ikkje berre er bra for miljøet, men også bra for lommeboka.
Vi har sidan oppstart fått mykje mediemerksemd for vårt arbeid, og vi har også fått internasjonal merksemd, blant anna frå FN.
Vi gler oss over dykkar interesse for vårt arbeid og ser fram til å vise deg korleis vi kan hjelpe dykkar bedrift med å operasjonalisere det grøne skifte.
- Kristine Ullaland, eigar og dagleg leiar
Zero Waste Norge AS er eit ungt firma basert på idealistiske verdiar. Den overordna målsetninga vår er å stanse utvinning og forbruk av resursar i den grad det er mogeleg, og dermed spare miljøet for dei negative konsekvensane som dette medføre. Vi hjelpe di bedrift å operasjonalisere det grøne skifte, og drifte på ein berekraftig måte - både med tanke på miljøet og med tanke på bedriftas økonomi.
Zero Waste Norge blei stifta i 2016, har fått interesse nasjonalt og internasjonalt, blant anna frå FN, for sin nytenkande tilnærming til resurs og avfall i bedrifter.
CEO og stiftar, Kristine Ullaland i forbindelse med dette arbeidet finalist for prisen Ung Innovasjonspris i 2016, og ho har også gjesta eit av dei største TEDx arrangementet i Norden, TEDx Arendal, i september 2016. Ullaland ble raskt ein frontfigur for Zero Waste-rørsla, og ho er mykje brukt i media med over 70 intervju i nasjonale og internasjonale medium sidan 2015. Zero Waste Norge var i 2017 nominert til Nordic Startup Awards 2017 og 2018 i kategorien Best Social Impact. I 2018 ble bedrifta tildelt Hordaland Fylkeskommune sin Miljøpris, for sitt avfallsførebyggande arbeid. Bedrifta var i 2020 nominert til prisane Best Social Impact hos Nordic Startup Awards.

Svolten på å starte? Her er tre måtar vi kan jobbe saman på.

Foredrag/ undervisning
Dagleg leiar, Kristine Ullaland, er ein erfaren foredragshaldar og hennar foredrag har blitt referert til som ein av dei beste på berekraftig livsstil av blant andre Medium. Book eit foredrag frå hennar liste lenka til lenka under, eller be om eit tilpassa opplegg ved å kontakte oss på [email protected].

Digitalt kurs
- Bli den berekraftige bedrifta du sjølv ser opp til!
Er du ei lita eller medium bedrift innan tenesteytande næring? Då kan dette kurset vere det du har leita etter. Her får du kunnskap og innsikt i korleis du kan markere det som berekraftsaktør i din bransje. Vi har no ikkje kapasittet til å ta inn fleire.

1:1 Oppfølging
Styrk dykkar engasjement for berekraft ved å ta heile bedrifta gjennom vårt signaturprogram "berekraft som konkurransefortrinn". Her hjelpe vi dykk med å gjere berekraftstiltak relevant for nettopp dykkar bedrift, slik at staben står samla i arbeidet med å løfte bedrifta til nye berekraftshøgder. Vi gjev dykk også veiledning til korleis de kan planlegge og måle framgangen dykkar, slik at de kan vise verda det fantastiske arbeidet de gjer!
Ikkje heilt der endå? Ingen problem. Meld deg på vårt nyheitsbrev og få inspirasjon og informasjon rett i innboksen!
Vi sende ikkje spam. Din mail er trygg hos oss!